Sjukepleiar 100 % fast stilling i heimetenesta
Om avdelinga
Vi er omlag 50 dyktige kollegaar, beståande av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar som samarbeider tett for å sikre gode tenester til heimebuande brukarar i alle aldre.
Vi er opptatt av:
- fagleg kvalitet og tryggleik for brukarane
- god struktur og tydeleg ansvarsfordeling
- samarbeid og støtte mellom kollegaar
- aktiv utvikling av tenestene innanfor våre rammer
- Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, der vi spelar kvarandre gode.
Om stillinga
Alversund/Seim heimeteneste søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til 100% fast stilling. Vi gjev vedtaksbaserte tenester i områdene Alversund og Seim. Alversund/Seim Heimetenesta har god fagdekning og er ei av 6 avdelingar i heimetenesta i Alver kommune.
Turnusen er todelt, med dag/kveld, og med arbeid kvar 3. helg i gjennomsnitt. Kveldsvaktene kan vere anten i avdelinga eller i
sjukepleiarteamet.
Sjukepleiarteamet er eit samarbeid med heimetenestene på Knarvik og Frekhaug. Teamet er relativt nyoppstarta og har hovudfokus på
sjukepleiarfaglege oppdrag. Det gjev eit sterkt og breitt fagmiljø med gode moglegheiter for kompetansedeling - og utvikling på tvers av
avdelingane.
Arbeidsoppgåver
Du får ansavar for kliniske vurderingar av brukarar, og planlegging og kvalitetssikring av tenestene. Arbeidsdagen består både av direkte brukarretta arbeid og fagleg koordinering med andre yrkesgrupper og andre instansar i og utanfor Alver kommune. Arbeidsoppgåvene omfattar m.a:
- Kartlegging av behov, vurdering og evaluering av tiltak
- Bidra i utvikling og implementering av digitale løysingar, bl.a. velferdsteknologi
- Tverrfagleg samarbeid med m.a. legar, pårørande og andre tenester
- Halde deg oppdatert og bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring
- Rettleiing av kollegaar og studentar
- Legemiddelhåndtering
- Rapporterer og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldande lovverk
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?
Vi ser etter deg som har god arbeidskapasitet og trivst i eit aktivt fagmiljø med varierte oppgåver. Du er framoverlent, fagleg engasjert og trygg irolla di. Arbeiderfaring frå heimeteneste er ein fordel, men ikkje eit krav.
Du:
- trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid
- er strukturert, fleksibelt og løysingsorientert
- håndterer perioder med høgt tempo
- har høg gjennomføringsevne
tek ansvar og bidrar til framdrift i avdelinga
Vi tilbyr
- Kr. 10 000 over garantilønn
- Gratis parkering
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune