Sjukepleiar 100 % fast - Ostereidet omsorgsbustad pluss
Om stillinga
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter? Me har ledig fast 100 % sjukepleiarstillingar ved Ostereidet omsorgsbustad pluss. Med årsturnus får du moglegheita til å planlegge balansen mellom arbeid og fritid på ein god måte.
Ein kan velge om ein vil ha turnus med ordinære vakter (sein/tidlig-vakter) med arbeid i snitt kvar 3 veke eller om ein vil ha ordinære vakter på vekedagane og langvakter på helg med arbeid i snitt kvar 4 veke.
I tillegg kan du som ekstern søkjar velje å binde deg i 2 år, mot eit rekrutteringtilskudd på kr 50.000 som vil bli utbetalt ved tiltrede.
Om avdelinga
Ostereidet omsorgsbustad pluss består av 28 leiligheter med fast bemanning heile døgnet.
Bebuarane som bur her har ulike behov for oppfølgning.
Avdelinga jobbar tett saman med heimetenesta som har lokale i samme bygg. Vi prøver ut "sjukepleiar på topp" slik at ein som sjukepleiar har ansvar for sjukepleiaroppgaver for brukarar i omsorgsbustadane og heimebuande.
Avdelinga består av flotte kollegaer: Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, reinhaldsarbeidarar og kjøkkenpersonalet. Me har også lærlingar og praksiskandidatar.
Me har eige nattpersonale ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Hausten 2025 starta me med "sjukepleiar på topp" på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for beboerene i omsorgsbustadane samt heimebuande i Ostereidet distrikt. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.
På vakter utanom sjukepleiar på topp vil du inngå i bemanninga på Ostereidet omsorgsbustad pluss og oppfølgning av den enkelte brukars behov.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test
Me ser etter deg som:
- Er effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo
- Er sjølvstendig. Du trives med å ha ansvar og finner lett løsningar.
- Er fagleg sterk. Du beholder roen i uforutsatte/akutte situasjoner og klarer å prioritere.
- Er glad i mennesker. Du blir motivert av å jobbe med mennesker og ønsker å bruke faget til det beste for brukar.
- Er positiv. Du er ein humørspredar – blant kollegaer og brukarane.
- Er ein lagspelar. Du bidrar til eit godt samarbeid med brukar, pårørande, kollegaer og andre.
- Er villig til å lærer opp og dele din kompetanse med andre kollegaer, studenter og lærlinger.
- Er framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løsninger.
Me tilbyr
- Rekrutteringstillegg på kr 50 000 mot binding i 2 år for eksterne søkjarar.
- Mulighet for langvakter på helg.
- 10 000 kr over garantilønn ut frå ansiennitet
- Kollegaer med høg fagleg kompetanse
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Gratis parkering ved arbeidsstad
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Me er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune