Helsesekretær i 100 % fast stilling ved nytt legesenter i Knarvik
Trivst du med ansvar, samarbeid og ein kvardag der ingen dagar er heilt like?
Då kan dette vere den rette stillinga for deg. Alver Kommune søkjer ein helsesekretær som ønskjer å vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, tett samarbeid med kollegaer og høve til å bidra både i dagleg drift og i utviklinga av ein ny arbeidsplass.
Om det nye legesenteret
Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret, og gode buss- og båtsamband til Bergen sentrum.
Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret vil det vere tilsett helsesekretær, sjukepleiar og ein driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar.
Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester, slik at pasientane kjenner seg velkomne og blir møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service.
Om stillinga
Vi søkjer ein autorisert helsesekretær i 100 % fast stilling, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30. Vi ser for oss oppstart våren 2027, truleg i april. Intervju er planlagde før jul.
Dersom behovet og dei økonomiske rammene tilseier det, kan det bli aktuelt å tilsetje fleire helsesekretærar i denne rekrutteringsprosessen.
Saman med kollegaene dine skal du bidra til god pasientflyt, gode rutinar og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, open kommunikasjon og gjensidig respekt, slik at pasientane kjenner seg velkomne og godt ivaretekne.
Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du møte pasientar i resepsjonen, handtere telefonførespurnader og bidra til at kvardagen flyt godt for både pasientar, legar og kollegaer.
Einingsleiar og assisterande einingsleiar har personalansvaret for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
- ta imot, informere og rettleie pasientar og pårørande i resepsjonen, på telefon og gjennom digitale kanalar
- vurdere og prioritere henvendingar på telefon og resepsjon med legevaktindeks som avgjerdsstøtteverktøy
- handtere timebestillingar, reseptførespurnader og andre administrative førespurnader frå pasientar
- utføre laboratoriearbeid, mellom anna prøvetaking og analysering av prøvar
- arbeide på skiftestove
- bidra til opplæring av nytilsette og vikarar etter gjeldande sjekklister og rutiner
- delta i økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
- bidra i kvalitets-, forbetrings- og utviklingsarbeid ved kontoret
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- norsk autorisasjon som helsesekretær
- relevant erfaring frå legekontor, legevakt eller anna verksemd med tilsvarande arbeidsoppgåver
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
Det er og ein fordel om du har:
- erfaring med Infodoc
- erfaring med laboratoriearbeid, prøvetaking og analysearbeid
- erfaring med telefontriage og vurdering av hastegrad
- erfaring med arbeid på skiftestove og aktuelle medisinske prosedyrar
Politiattest
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tilsetjing, jf. helse- og omsorgstenestelova§ 5-4.
Kven er du?
Vi ser etter deg som har yrkesstoltheit og ønskjer å vere med og byggje opp eit nytt legesenter med trygge og gode tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, serviceinnstilt og trygg i fagrolla di.
Du blir motivert av å vere med og byggje opp ein ny arbeidsplass. Du tek initiativ, deler erfaringar og bidreg konstruktivt når arbeidsmåtar skal prøvast ut og justerast. Du trivst med at ikkje alt er ferdig definert frå starten, og bidreg til å skape tryggleik, struktur og eit godt arbeidsmiljø rundt deg.
Du kommuniserer tydeleg og tillitsskapande og møter pasientar og pårørande på ein roleg, respektfull og profesjonell måte. Du er serviceinnstilt og kan handtere ulike behov, forventningar og reaksjonar, også når det er travelt eller situasjonen er krevjande. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, deler kunnskap og tek ansvar for eiga fagleg utvikling.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande hovudtariffavtale
- god pensjonsordning
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- høve til å påverke rutinar, arbeidsformer og samarbeidskultur ved eit nytt legesenter
- eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på kompetanseutvikling og kvalitetsforbetring
- gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune