Fastlege x 2 - spesialist i allmennmedisin eller ALIS lege - Frekhaug legesenter

Stilling
Fastlege eller ALIS - lege - Frekhaug legesenter 2 100% stillingar
Lokasjon
Frekhaug
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Hos oss kan du fokusere på pasientane, så tek vi ansvar for drift og administrasjon.

Om dette høres interessant ut, så kan dette være den rette jobben for deg. 
Ved Frekhaug legesenter i Alver kommune har vi ledig to faste 100 prosent stillingar som kommunalt løna fastlege frå januar 2027.

Vi søkjer både spesialistar i allmennmedisin og legar som ønskjer ei ALIS-stilling. Hos oss får du ei arbeidsveke på 37,5 timar, føreseielege rammer og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Kommunen tek ansvar for administrasjon, hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan bruke tida di på pasientane og gå heim når arbeidsdagen er slutt.


Om Frekhaug legesenter


Eit godt fagmiljø og ein arbeidsplass i utvikling

Vil du bli ein del av eit godt fagmiljø? Ved Frekhaug legesenter er vi sju kommunalt tilsette fastlegar og ein LIS1-lege. I sommar fekk vi to nye kollegaer, og vi ønskjer fleire engasjerte legar velkomne til oss. 

Vi set av tid til fagleg utvikling og samarbeid. Kvar fredag møtest legane/kontoret frå kl. 08.15 til 09.30 for fagleg oppdatering, gjennomgang av interne rutinar og kurs. Vi jobber saman for eit godt læringsmiljø og arbeidsmiljø. Ein av fastlegane er fagkoordinator.

På legesenteret møter du dyktige helsesekretærar, bioingeniør og sjukepleiar.  Ein av helsesekretærane er driftskoordinator og har ansvar for daglege driftsoppgåver.

Legesenteret ligg på Frekhaug og har godt innreidde lokale, med tenelege behandlingsrom og laboratorie. Vi har også Ultralyd apparat.  Det er parkering i gangavstand frå bygget. Vi bruker journalsystemet Infodoc Plenario.

Opnings- og arbeidstida er kl. 08.00–15.30. Ved behov kan vi avtale individuelt tilrettelagd arbeidstid. Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt i Knarvik.

 

Alver kommune er godkjend utdanningsverksemd. Som ALIS-lege får du rettleiing gjennom utdanningsløpet. Du kan gjennomføre heile  Alis-løpet hos oss, ein av våre sjukeheimar er godkjent som spesialisthelseteneste.

 

Alver kommune sin plan for legetenesta kan du lese her: Plan for legetenesta i Alver kommune 2023-2026 - Alver kommune 

Arbeidet med revisjon av planen for dei neste 4 åra er i gang.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid som fastlege
  • Listelengde på om lag 800 pasientar for Alis lege, høgare listelengde for spesialist.
  • Veiledning av LIS 1 legen rullerar mellom legane
  • Kollegial fråværsdekning etter gjeldande avtale
  • Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld, helg og natt. 
  • Offentleg allmennmedisinsk legearbeid eller daglegevakt på Nordhordland legevakt kan være aktuelt etter avtale i inntil 7,5 time pr veke.
  • Spesialist må vere villig til å påta seg ansvar som veiledar for ALIS

Korleis er det å arbeide som kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune?

Som kommunalt tilsett fastlege har du ei arbeidsveke på 37,5 timar.
Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal vere enkelt å gå heim når arbeidsdagen er slutt.

Dersom du blir sjukemeldt eller har sjuke born, har du dei same rettane som andre tilsette i kommunen. Ved langvarig sjukefråvær er det vårt ansvar å skaffe vikar. Ved kortare fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning etter gjeldande reglar.

Administrasjon og drift
Vi tek ansvar for administrasjon av kontoret, inkludert hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan fokusere på pasientarbeidet. 

Kompetanse og kurs

ALIS-legar får lovpålagde og naudsynte kurs dekka gjennom ALIS-tilskot etter gjeldande regelverk.

  • Fastlegar som er spesialistar og treng kurs eller vidareutdanning for å kunne jobbe som fastlege, får dette dekka av arbeidsgivar, i kombinasjon med søknad om midlar frå Fond II i Legeforeningen.
  • Du får fri med lønn til lovpålagde og naudsynte kurs.
  • Du har også rettar etter permisjonsreglementet, på lik linje med andre tilsette i Alver kommune.

Legevakt
Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. I gjennomsnitt har du to vakter per månad, og du får betalt timesats for arbeidet der. Vi har tilsett eigne legar som går reine nattevakter ved Nordhordland legevakt, noko som reduserer vaktbelastninga på natt for deg.

Andre oppgåver
Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid eller daglegevakt ein dag i veka, vil talet på pasientar på lista bli redusert i tråd med mindre arbeidstid som fastlege.

 

 


Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette

Kven er du?

Vi søkjer deg som er engasjert i allmennmedisin og ønskjer å gjere ein forskjell for pasientar i alle aldrar. Du møter menneske med varme og respekt, lyttar til behova deira og byggjer gode relasjonar.

Du samarbeider godt med kollegaer og andre tenester, og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler gjerne kunnskap og erfaringar, er open for å lære av andre og ser verdien av faglege diskusjonar.

Du er løysingsorientert og handterer både travle dagar og akutte situasjonar på ein trygg og roleg måte. Du arbeider sjølvstendig, men veit også når du skal søkje råd og støtte hos andre.

Vi ønskjer oss ein kollega som er motivert for å utvikle seg vidare og ser for seg ei framtid innan allmennmedisin.
 


Ta gjerne kontakt

Høyres dette freistande ut, men du er framleis litt usikker på om du skal søkje? Då vil vi anbefale deg å ta kontakt med enten avdelingsleiar Bente Bø Taule, eller tenesteleiar Tord Moltumyr. Dei svarer deg gjerne på spørsmål som du har om korleis det er å arbeide ved Frekhaug legesenter!


Vi tilbyr

  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Løn følgjer lokal lønsmodell
  • Arbeidstid: 37,5 timers veke
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Rettar i permisjonsreglement, sjuke barn eller eige sjukefråvær på lik linje med andre tilsette i Alver kommune
  • Dekka kurs/ naudsynt vidareutdanning for stilling som fastlege i kombinasjon med fond II.  Fri med lønn.
  • Veiledning under ALIS forløpet
  • Godt fagmiljø i regi av einingsleiar/tenesteleiar for legetenesta.
  • Gratis parkering 

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter