Fast helgestilling ved Lindås heimeteneste
Om avdelinga
Heimetenesta i Alver er delt inn i 6 geografiske områder der Lindås heimeteneste er lokalisert sentralt på Lindås. Avdelinga har driftskoordinator, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar. Våre engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar har fokus på fagleg utvikling. For tida er vi i gang med eit prosjekt om etisk refleksjon og oppfølging av kollegaer i møte med palliative brukarar. Målet med prosjektet er å styrke kompetansen til alle tilsette ved Lindås heimeteneste, og det blir gjennomført regelmessige faglege foredrag med eksterne foredragshaldarar, og etisk refleksjon i gruppe. Prosjektet har fått støtte frå statsforvalter. Vi har stor fokus på fagutvikling, og har årshjul med kurs for tilsette, og gjennomfører internundervising og undervisning i samarbeid med andre tenester utfrå årshjulet til avdelinga.
Om stillinga
Lindås heimeteneste har ledig fast helgestilling med arbeid kvar 3 helg. Avdelinga har årsturnus.
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, og våre tilsette arbeider sjølvstendig, og i samarbeid med andre sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar og assistentar. Vi samarbeider med legekontor, fysioterapeut, ergoterapeut, og andre kommunale tenester.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar ved Lindås heimeteneste har du blant anna oppgåver som:
- Heilskapleg pleie og omsorg til brukarar i ulike livsfasar
- Medikamenthåndtering
- Såroppfølgning
- Ernæringsoppfølging
- Observasjon og vurdering av brukare
- Journalføring i profil
Kvalifikasjonskrav
- Helsefagarbeider
- Sjukepleiarstudent
- Førerkort klasse B
- Anna helsefagleg erfaring kan vurderast
Kven er du?
Vi ser etter deg som er engasjert for brukere og faglege gode tenester. Du kan prioritera og håndtere oppgåver utfrå faglege vurderingar. Du trivst både med å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. For oss er det viktig med eit godt arbeidsmiljø og arbeidsglede i kvardagen og vi ser etter deg som ynskjer å bidra sammen med dine kollager til dette. Vi gir tenester over eit stort geografisk område, dette gjør at våre medarbeidere må være løsningsorientert og fleksibel i kvardagen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting
Vi tilbyr
- Fagleg engasjerte kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling Årsturnus med muligheter for langvakter
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune