Elektrikar - 100% fast

Stilling
Elektrikar - 100% fast
Lokasjon
Isdalstø
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. okt.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling som elektrikar i elektroavdelinga og søkjer etter deg som har allsidig erfaring innan elektrofaget. Dette er ei spennande og variert stilling med arbeidsoppgåver på tvers av fleire fagområde innan tenesteområdet drift og vedlikehald. Du vil bli ein del av eit sterkt fagmiljø med fleire dyktige elektrikarar.

Avdelinga har fire driftstasjonar lokalisert på Alverflaten, Knarvik, Manger og Frekhaug. Arbeidsområdet omfattar heile Alver kommune.

Dei viktigaste oppgåvene til elektroavdelinga er å levere elektrofaglege tenester til kommunen sine eigne og leigde bygg, skular, sjukeheimar og kommunale utleigebustader. Kommunen eig i dag over 160 000 m² bygningsmasse, forvaltar om lag 365 kommunale utleigebustader og leiger i tillegg meir enn 9 000 m² bygningsareal. Tenesteområdet drift og vedlikehald har totalt 138 tilsette.

Elektroavdelinga er ein del av tenesteområdet drift og vedlikehald, som omfattar avdelingane bygg, anlegg, elektro, maskiner og utstyr, veg og VA, samt reinhald. Tenesteområdet har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kommunen sine bygg, vegar, vatn- og avløpsanlegg, og spelar ei sentral rolle i leveringa av viktige tenester til innbyggjarane i Alver kommune.

Er du elektrikaren som vil ha ein arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like? Frå barnehagar og skular til sjukeheimar, idrettsanlegg og moderne tekniske bygg: som elektrikar i Alver kommune arbeider du på ein bygningsmasse på over 160 000 m² og rundt 365 kommunale bustader. Du får eit sterkt fagmiljø i ryggen, stor sjølvstende i kvardagen og eit tydeleg samfunnsoppdrag.


Elektroavdelinga er nyleg etablert som eige fagområde

Elektroavdelinga i Alver kommune er i utvikling og ei viktig satsing for framtida. Her får du vere med på å utvikle gode løysingar innan drift, vedlikehald og tekniske anlegg.

Avdelinga er nyleg etablert som eit eige fagområde og består i dag av tre elektrikarar og ein hjelpearbeidar. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, der vi samarbeider, deler kunnskap og hjelper kvarandre.

Du får høve til å arbeide med ny teknologi og utvikle deg fagleg, samtidig som du bidreg til trygg og velfungerande drift av kommunen sine bygg og bustader.


Arbeidsoppgåver

Som elektrikar i Alver kommune får du ein variert arbeidskvardag med drift, vedlikehald og feilsøking av elektriske anlegg. Du vil arbeide både i kommunale bygg og bustader, frå enkle installasjonar til større bygg med tekniske anlegg og SD-styring.

God dokumentasjon, internkontroll og kvalitet i arbeidet er viktig for oss. Du får opplæring og støtte frå kollegaer, og du treng ikkje kunne alt frå første dag. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, lærevillig og interessert i å utvikle deg fagleg.

Typiske arbeidsoppgåver er:

  • drift, feilsøking og utbetring av elektriske anlegg
  • planlagt og periodisk vedlikehald
  • montering og endringar i fordelingar og kursopplegg
  • arbeid med belysning, styringssystem, DALI og SD-anlegg
  • oppfølging av internkontroll og tilsyn
  • oppdatering av FDV-dokumentasjon
  • teknisk støtte til kollegaer og byggeprosjekt

Stillinga gir deg høve til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du er del av eit fagmiljø som samarbeider og deler kompetanse.


Kvalifikasjonskrav 

Du må ha:

  • fagbrev som elektrikar (gruppe L)
  • førarkort klasse B
  • grunnleggjande digitale ferdigheiter
  • gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg

Det er ein fordel om du har erfaring frå service- og vedlikehaldsarbeid, og kjennskap til tekniske anlegg, SD-anlegg, internkontroll og dokumentasjon. Erfaring med dataspredenett, styring og automasjon, til dømes KNX og DALI, er også positivt.

Har du ikkje erfaring med alle desse områda? Vi oppmodar deg likevel til å søkje dersom du er interessert i faget, ønskjer å lære og har relevant erfaring. Vidareutdanning innan elektrofaget er ein fordel, men ikkje eit krav.


Kven er du?

Vi ser etter deg som likar ein variert arbeidskvardag og som gjerne finn gode, praktiske løysingar når utfordringar oppstår. Du kan arbeide sjølvstendig, tek ansvar for oppgåvene dine og samarbeider godt med andre.

Du er oppteken av godt handverk, tryggleik og kvalitet. Du forstår verdien av ryddig dokumentasjon og gode rutinar, og møter brukarar og kollegaer på ein hyggeleg og serviceinnstilt måte.

Vi forventar ikkje at du kan alt frå første dag. Det viktigaste er at du er lærevillig, nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg innan tekniske løysingar og moderne bygningsdrift.

Kjenner du deg att i noko av dette, håpar vi du vil søkje. Hos oss får du arbeide med mange ulike elektriske anlegg – frå bustader og skular til sjukeheimar, idrettsanlegg og tekniske bygg – saman med eit fagmiljø som deler kunnskap og erfaring.


Me tilbyr

  • ein meiningsfull jobb der du bidreg til gode og trygge kommunale bygg for innbyggjarar og kollegaer
  • eit godt fagmiljø med oppfølging, rettleiing og samarbeid i kvardagen
  • varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling
  • god pensjonsordning gjennom KLP
  • tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • løn etter avtale

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Kontaktpersoner
Kjetil Spurkeland
Tenesteleiar • Drift og vedlikehald
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter