Driftsansvarleg reinhald

Stilling
Driftsansvarleg - reinhald
Lokasjon
Isdalstø
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. nov.
Få påminnelse
32 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Me søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje.  Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.

Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.

Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.

Send inn ein søknad og bli den nye kollegaen vår!


Om reinhaldsavdelinga

Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 70 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen. 

Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til HMS arbeid ved avdelinga
  • Knytt til dagleg planlegging og oppfølging av drift og vedlikehaldsoppgåver 
  • Operativ styring av tildelte oppgåvene i kvardagen
  • Bidra til at drifta skjer i tråd med gjeldande rutinar 
  • Sikre at nytilsette og vikarar får opplæring 
  • Delta i utviklingsarbeid for avdelinga
  • Melde behov for kompetanseheving 
  • Melde behov for utstyr , hjelpemidlar og inventar
  • Melde behov for forbruksmateriell
  • Bidra til kvalitetssikring, kontinuitet og god flyt i tenesteytinga

Kvalifikasjonskrav 

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør, alternativt dokumentert pågående utdanning innan fagområdet eller erfaring frå profesjonelt reinhald
  • Relevant erfaring innan leiing, gjerne frå reinhaldsfaget eller anna operativ verksemd
  • Erfaring med personaloppfølging og koordinering av dagleg drift
  • Grunnleggende IT-kompetanse
  • Førerkort B
  • Gode norskkunnskapar,  munnleg og skriftleg

Kven er du?

  • Du er fleksibel, påliteleg og effektiv
  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit
  • Har gode kommunikasjonsevner 
  • Du har gode norsk språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg 
  • Du blir motivert av å yta service og skapa gode serviceopplevingar
  • Du er sjølvstendig, men liker også å arbeida i team
  • Du er lærevillig og positiv til nye utfordringar
  • Du har eit godt humør som bidrar til et hyggjeleg arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • Oppfølging og rettleiing
  • Erfarne kollegaer og eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet og organisasjonen. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19  vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Kontaktpersoner
Ramune Barkute
Einingsleier reinhald
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter