Brannkonstabel m/ funksjon som L-1.4 - fast 2,42% (deltid) - Knarvik stasjon
Stilling
Brannkonstabel m/ funksjon som L-1.4 - fast 2,42% - Knarvik stasjon
Lokasjon
Isdalstø
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Om stillinga
Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som tankbilsjåfør knytt til Knarvik stasjon.
Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. Stillinga har ein storleik på 2,42%.
Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd
Om NHBR
- Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar.
- Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining.
- Operativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
- Operative oppgåver/utrykkingar
- Sjåfør på tankbil og røykdykkar
- Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt ferdigeheitar og kompetanse
- Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr
- Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Kvalifikasjonskrav
- Godkjendt røykdykkar
- Fullført og bestått aspirantkurs
- Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
- Godkjent helsekontroll
- Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding
- Bustad maks 10 minutt frå stasjonen
- Fysisk og psykisk skikka til stillinga
- Førarkortklassar B, C og E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring
Mestre norsk munnleg og skriftleg
- Kandidatar med lengre avstand til stasjonen kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar. Kandidatar som ikkje har E-160 kompetansebevis kan bli vurdert for stillinga.
Me tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
- Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk
- Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)
Politiattest
I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Våre forventningar til deg
- Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing.
- Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere.
- Har forståing for risiko ved køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil.
- Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar.
Kontaktpersoner
Martin Møller Greve
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.