ALSAKER FJORDBRUK SØKJER IT-KONSULENT

Stilling
IT-KONSULENT
Lokasjon
Eikelandsosen
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. des.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og utvikle og drifte IT-løysingar internt i konsernet? Hos oss er målet å ha kompetansen i eigen organisasjon. Me driftar både lokale serverar og moderne skytenester som Microsoft 365 og Azure. Me ser etter deg som likar å finne løysingar, hjelpe folk og sikre stabil drift. Du får påverke korleis me vidareutviklar IT-plattforma vår, og bidra til at konsernet jobbar effektivt og sikkert -- kvar dag.

Som IT-konsulent i Alsaker Fjordbruk blir du IT-ressursen for Bolaks, med kontorstad på Lammaneset i Eikelandsosen. Stillinga er ein del av konsernet si IT-avdeling, og du vil òg jobbe på tvers av selskapa i konsernet, som har lokasjonar langs kysten frå Rogaland til Vestland. Du har fast ein dag i veka på hovudkontoret på Onarheim, og noko reising mellom lokasjonane elles må påreknast. Du blir ein viktig person i eit konsern med breitt IT-behov, der du sikrar stabil drift og bidreg til utvikling. Du blir del av eit kompetent IT-team som samarbeider tett med resten av organisasjonen.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som IT-konsulent hos oss får du eit breitt spekter av arbeidsoppgåver, mellom anna drift og utvikling av den hybride plattforma vår. Det inneber å jobbe med alt frå lokalt datasenter og serverar til Microsoft 365, Azure og tryggleiksløysingar. Relevante arbeidsoppgåver vil vere:

  • Følgje opp tryggleik -- overvaking, patching, hendingshandtering og forbetring
  • Delta i moderniserings- og effektiviseringsprosjekt
  • Bidra til utvikling av rutinar og dokumentasjon
  • Evaluere og ta i bruk ny teknologi i samråd med resten av IT-teamet
  • Gje brukarstøtte og rettleiing til tilsette
Din profil

Me ser for oss at den nye IT-konsulenten vår har erfaring med IT-drift, support eller konsulentverksemd. Vidare er det ein fordel at du kjenner Microsoft 365 og Azure, og har erfaring med serverdrift. Me ser etter deg med:

  • forståing for IT-tryggleik og interesse for å halde system sikre
  • gode kommunikasjonsevner, både med IT-fagfolk og kollegaer utan teknisk bakgrunn
  • stor vilje til å lære, og som er løysingsorientert og tek initiativ

Sertifisering innan Microsoft 365 er ein fordel, men ikkje eit krav.

Kvifor Alsaker Fjordbruk?
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit konsern i vekst
  • Gode utviklingsmoglegheiter og høve til å påverke IT-strategien
  • Høve til å byggje brei kompetanse og påverke løysingar -- me satsar på intern kunnskap
  • Eit triveleg, fagleg dyktig og travelt miljø
  • Konkurransedyktige vilkår
Teknologier og programvare
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter