Lege i spesialisering (LIS 3)

Stilling
Lege i spesialisering (LIS 3)
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
31. okt.
Få påminnelse
31 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Vi er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for vårt dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes.

Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar. 

Vi har ledig vikariat som LIS 3 i allmennteamet ved poliklinikken.

Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Hos oss søkjer vi heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten.

Vi har etablert lokalt kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking. 


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing til samarbeidspartnarar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Må ha dokumentert autorisasjon
  • Gjennomført LIS1 teneste, eller tilsvarsande
  • Erfaring frå DPS er ønskeleg
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Pågangsmot og evne til samarbeid
  • Du trivst i eit inkluderande tverrfagleg team
  • Du er engasjert i utvikling av faget og oppteke av å gjera ein god jobb

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved psykiater
  • Heile spesialiteten kan tas i Helse Fonna
  • Psykoterapirettleiing
  • Moglegheit for forsking i klinikk

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Øydis Grov, Funksjonsleiar,  534 91210, oydis.grov@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5187804964
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 04.01.2028
Søknadsfrist: 31.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter