Psykolog
Vil du vere med å styrke psykisk helsevern for barn og unge?
BUP Stord gir spesialisthelsetenester til barn og unge i alderen 0–18 år. Opptaksområdet vårt omfattar seks kommunar: Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang. Vi er organiserte saman med Stord DPS under felles leiing og er delte inn i fire team, inkludert eit team ved utekontora våre i Odda og på Husnes. Poliklinikken på Stord har 25 fagstillingar og eit breitt tverrfagleg fagmiljø med god spesialistdekning.
Vi søkjer ein engasjert psykolog under spesialisering til kontoret vårt på Stord. Hos oss blir du ein del av små, tverrfaglege team som arbeider tett saman. Vi legg vekt på både fagleg utvikling og godt samarbeid. Vi har faste fagdagar der leiarar og medarbeidarar saman drøftar faglege utfordringar og finn gode løysingar.
Hos oss får du ei stabil personalgruppe med god lokal tilknyting og solid dekning av psykologar og spesialistar. Dette gir gode moglegheiter for fagleg støtte og samarbeid i kvardagen. Vi legg vekt på fagleg utvikling som tek omsyn til både behova til pasientane og interessene til medarbeidarane våre.
Ønsker du å kombinere fagleg utvikling med meiningsfullt arbeid for barn og unge? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Aktiv deltaking i tverrfaglege diskusjonar og problemløysing.
- Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Fortrinnsvis spesialist med fordjuping i barne- og ungdomspsyk
- Erfaring frå eller sterk interesse for BUP
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er oppteken av samarbeid og bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
- viser omtanke og bidreg til å skapa psykososial tryggleik
- har ei open og løysingsorientert tilnærming til arbeidet
- har evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
- verdset tverrfagleg samarbeid og dialog
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss blir du ein del av eit trygt og engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og trivsel står i sentrum.
- Du får høve til å påverka både eigen arbeidskvardag og faglege utvikling.
- Du blir ein del av små, tverrfaglege team med tett samarbeid og god støtte frå kollegaer.
- Vi satsar på kompetanseheving gjennom kurs, internundervisning, fagdagar og moglegheiter for forsking.
- Vi kombinerer høgt fagleg nivå med eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø.
- Du får løn i samsvar med gjeldande avtale.
Kontaktinformasjon
Ingvild Kaldråstøyl, Funksjonsleiar, +47 95 27 28 91, ingvild.kaldrastoyl@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5212277854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2026