Kokk

Stilling
Kokk
Lokasjon
Harøy, Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
16. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 100% fast stilling som kokk i storkjøkken, avd. Sandøy kjøkken. Oppstart etter avtale. Arbeidsgivar kan drøfte annan stillingsprosent. 
Stillinga er innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. 

Andre avdelingar i Sandøy omsorgsdistrikt er sjukeheim, bukollektiv, dagsenter, heimetenester.

Storkjøkkenet tilbereder mat til institusjon - sjukeheim, bemanna bukollektiv og dagsenter. I tillegg tilberedes det mat til heimebuande med vedtak matombringing etter kok-server prinsipp. Kjøkkenet driftar Nærmiljøkafe og tek på seg catering oppdrag ut frå kapasitet. 

Som kokk i storkjøkken i Sandøytunet bidreg ein til gode pasientforløp med god ernæring til pasientar og brukarar. Ein er og ein viktig bidragsytar i sosiale møteplassar gjennom matservering i Nærmiljøkafe. 

Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, der Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.
Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.


Arbeidsoppgåver

  • Tilberedning av varme og kalde rettar, kaker og desserter, spesialkost av ulike variantar, tradisjonsmat til høgtider
  • Sikre måltid av god ernæringsmessig kvalitet i tråd med gjeldande avtalar og retningslinjer
  • Oppgåver knytt til drift av kafe
  • Følge rutiner for mattrygghet og reinhald i kjøkken
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
  • Samarbeid med interne/eksterne aktørar.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Relevant erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel
  • Søkere under utdanningsforløp innen faget kan bli vurdert
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal tilsettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg påfyll etter virksomhetens behov
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Bedriftshelsetjeneste
  • IA bedrift

Kontaktinformasjon

Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, renate.finnoy@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Austrevegen 15
6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5188103072
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2026

Kontaktpersoner
Renate Finnøy
Verksemdsleiar Sandøy
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter