Avdelingsleiar for Ellingsøy bufellesskap
Vil du vere med å etablere framtidas tenester for personar med utviklingshemming i Ålesund kommune?
Ålesund kommune skal etablere eit heilt nytt og spesialtilpassa bufellesskap på Ellingsøya. Bufellesskapet vil bestå av åtte moderne leilegheiter og er planlagt innflyttingsklare våren 2028.
Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta avdelingsleiar som ønskjer å vere med frå starten. Dette er ei sjeldan moglegheit til å byggje opp eit nytt fagmiljø, rekruttere medarbeidarar, forme kultur og utvikle tenester med høge faglege ambisjonar.
Ved oppstart i stillinga vil du ha ansvar for bustadane Myrland og Langhaugen. Samstundes vil du få ei sentral rolle i planlegginga og etableringa av det nye bufellesskapet på Ellingsøya. Du vil leie ein viktig omstillingsprosess i tett samarbeid med bebuarar, pårørande, medarbeidarar og leiarkollegaer.
Ålesund kommune arbeider etter Veilederen «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming» og er i gang med implementering av Positiv Atferdsstøtte (PAS). Vi ønskjer ein leiar som ser verdien av personorienterte tenester, sjølvbestemming, inkludering og høg fagleg kvalitet.
Som ein del av rekrutteringsprosessen vil aktuelle kandidatar bli invitert til å gjennomføre evne- og personlighetstester.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at bebuarane får individuelt tilpassa tenester som fremjar sjølvbestemming, deltaking, livskvalitet og gode kvardagsliv.
- Leie og vidareutvikle tenestene ved Myrland og Langhaugen fram til etableringa av Ellingsøy bufellesskap.
- Ha ei sentral rolle i planlegging, etablering og oppstart av nytt bufellesskap på Ellingsøya.
- Byggje fagkultur og arbeidsmiljø prega av respekt, samarbeid, læring og kontinuerleg forbetring.
- Rekruttere, utvikle og følgje opp medarbeidarar og fagpersonar.
- Gi fagleg rettleiing og legge til rette for kompetanseutvikling.
- Bidra til implementering av PAS og andre kunnskapsbaserte metodar innan tenestene.
- Vere ansvarleg for delegerte oppgåver innan personalleiing, turnus, økonomi og dagleg drift.
- Leie arbeidet med førebygging av tvang og makt og sikre forsvarleg oppfølging etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Vere pådrivar for bruk av velferdsteknologi og innovative løysingar.
- Samarbeide tett med bebuarar, pårørande, verjer og relevante samarbeidspartnarar.
- Vere med på å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg og vil bli tillagt særleg vekt.
- Andre relevante bachelorutdanningar innan helse- og sosialfag kan vurderast.
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er eit krav.
- Erfaring med leiing, fagutvikling eller koordinering er ønskjeleg.
- Kunnskap om PAS, målretta miljøarbeid og personorienterte tenester er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg.
- God digital kompetanse.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
Personlege eigenskapar
- Vere ein trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement.
- Du motiverast av utviklingsarbeid og moglegheita til å byggje noko nytt.
- Evne til å gjennomføe og trivst med både strategiske og operative oppgåver.
- Du ser verdien av medarbeidarskap og involvering.
- Strukturert, løysingsorientert og endringsvillig.
- Systematikk i arbeidet og tek ansvar for kvalitet og resultat.
- Gode relasjonelle ferdigheiter og kommuniserer godt med bebuarar, pårørande og medarbeidarar.
- Personlege eigenskaper blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei unik mogelegheit til å etablere og utvikle eit nytt bufellesskap med høge faglege ambisjonar.
- Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas tenester for personar med utviklingshemming i Ålesund kommune.
- Mogelegheit til å byggje og leie ditt eige fagteam.
- Deltaging i implementering av PAS og vidare utvikling av kunnskapsbaserte tenester.
- Eit inkluderande og støttande leiarmiljø.
- Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Vi vil tilby eit støttande og engsjert kollegialt team.
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff for leiarstillingar.
- Pensjonsordning i henhold til tariff.
- Bedriftshelsetjeneste.
- IA bedrift.
- Det er mogleg med parkering i nærleiken av bustadane.
Kontaktinformasjon
Wenche Karin Åsmo Brandt, Verksemdsleiar, +47 954 32 994, Wenche.Karin.Asmo.Brandt@alesund.kommune.noReidun Drabløs, Verksemdsleiar, +47 458 67 004, reidun.gunnvor.drablos@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Myrlandshagen 66020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5181838834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026