Er du ein dyktig barnehagelærar som set barna sitt beste i fokus? Då må du søkje jobb hos oss!

Stilling
Pedagogisk leiar
Lokasjon
Ål
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
24. nov.
Få påminnelse
22 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søkjer vikar som pedagogisk leiar i Sundre barnehage frå 01.02.27 tom 31.12.27, med moglegheit for fast stilling.

Drøymer du om ein jobb der du kvar dag får vere tett på leik, utvikling og livsglede? Der du kan bruke fagkunnskapen din til å skape ein barndom fylt av meistring, utforsking og gode opplevingar? Då kan Sundre barnehage vere arbeidsplassen for deg.

Midt i hjartet av Ål finn du ein levande og framtidsretta barnehage med seks avdelingar, engasjerte medarbeidarar og eit læringsmiljø som inviterer til nysgjerrigheit og opplevingar året rundt. Her har barna tilgang til eit stort og variert uteområde med eigen leirplass, potetåker og grønsakshagar. Rett utanfor gjerdet ligg Ål skulepark med hinderløype, klatrestativ og aktivitetsområde, og vi har kort veg til både bibliotek, kulturhus og idrettspark.

Kven er vi?

I Sundre barnehage arbeider vi ut frå visjonen til Ål kommune; «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige.»   Det handlar om å gi barn ein trygg oppvekst, sterke relasjonar og eit godt grunnlag for vidare læring og livsmeistring. Vi er opptekne av å vere tett og tidleg på, og å skape best mogleg læringsutbytte gjennom leik, omsorg og utviklande fellesskap. Vår visjon er «Leik, lær og le – le, lær og leik» også dette barnehageåret.

Hos oss er verdigrunnlaget meir enn fine ord på eit papir. Det skal synast i møte med barna kvar dag.

Som pedagogisk leiar får du

  • Vera ein sentral fagperson i barnehagen sitt pedagogteam.
  • Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
  • Skape eit trygt, inkluderande og inspirerande miljø for barna.
  • Byggje gode relasjonar med barn, kollegaer og føresette.
  • Vera med og utvikle barnehagen som lærande organisasjon.
  • Høve til å påverke og vidareutvikle pedagogisk praksis.

Vi ser etter deg som

  • Har godkjend barnehagelærarutdanning.
  • Er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet i barnehagen.
  • Er ein tydeleg og omsorgsfull leiar.
  • Har gode samarbeids- og relasjonsevner.
  • Er kreativ, løysingsorientert og initiativrik.
  • Først og fremst trivst saman med barn og gjerne kastar deg inn i leiken med begge beina.

Vi ønskjer oss ein pedagog som ser verdien av små augeblikk, som undrar seg saman med barna og som veit at dei viktigaste læringssituasjonane ofte oppstår når ein minst ventar det.

Vi tilbyr

  • Ein attraktiv arbeidsplass med høg fagleg kompetanse.
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.
  • Spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
  • Nærleik til natur, kultur og aktivitetar.
  • Moglegheit til å gjere ein forskjell i barn sine liv - kvar einaste dag.

Vil du vere med og gi barn både røter og venger?

Vi ser fram til å høyre frå deg. Velkomen som søkjar til Sundre barnehage!


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter