Biblioteksjef
Ål kommune søkjer no biblioteksjef. Me ser etter deg som er oppteken av biblioteket som samfunnsaktør, og som ser biblioteket sin verdi i lokalsamfunnet. Du er engasjert og ambisiøs og vil bidra til å utvikle eit framtidsretta bibliotek. Rolla som biblioteksjef har ein sentral plass i kommunen si sterke satsing på kultur.
Ål bibliotek er eit meirope bibliotek i hjarta av Ål kulturhus. Biblioteket er ein sentral del av kulturlivet i kommunen og samarbeidar breitt med ulike aktørar i lokalmiljøet.
Litteraturformidling, læring og digital utvikling er viktige satsingsområde.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Leie biblioteket fagleg og administrativt i samråd med kommunalsjef kultur.
- Ansvar for økonomi, budsjett, rapportering og måloppnåing.
- Vidareutvikle biblioteket som kultur- og kunnskapsarena i tråd med kommunale planar og nasjonale føringar.
- Følgje med på den samfunnsmessige og teknologiske utviklinga i sektoren.
- Delta i den daglege verksemda og inngå i biblioteket si vaktordning.
- Biblioteksjefen må rekne med noko kvelds- og helgearbeid.
- Samarbeide med aktørar på kulturhuset og i det frivillige kulturlivet.
Kvalifikasjonar:
- Høgare bbliotekfagleg eller kulturfagleg utdanning, eller anna høgare utdanning med breidde og relevante fag.
- Ynskjeleg med leiarerfaring og erfaring frå bibliotek.
- God kunnskap om litteratur.
- Digital kompetanse og god systemforståing.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar:
- Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
- Service- og brukarorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre.
- Relasjonsbyggjar: du er positiv og kan samarbeide på tvers av nivå innad i organisasjonen, samt ut mot fagmiljø i Hallingdalskommunane.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr:
- Eit regionalt fagmiljø og samarbeidsforum.
- Ein framtidsretta kulturkommune med lange tradisjonar.
- Kreativt og godt arbeidsmiljø.
- Kompetente og engasjerte medarbeidarar.
- Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP.
Send søknad:
- Vitnemål legg du inn saman med søknaden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her