Er du interessert i litteraturformidling, læring og digital utvikling?
Ål kommune søkjer no biblioteksjef. Me ser etter deg som er oppteken av biblioteket som samfunnsaktør, og som ser biblioteket sin verdi i lokalsamfunnet. Du er engasjert og ambisiøs og vil bidra til å utvikle eit framtidsretta bibliotek. Rolla som biblioteksjef har ein sentral plass i kommunen si sterke satsing på kultur.
Ål bibliotek er eit meirope bibliotek i hjarta av Ål kulturhus. Biblioteket er ein sentral del av kulturlivet i kommunen og samarbeidar breitt med ulike aktørar i lokalmiljøet.
Litteraturformidling, læring og digital utvikling er viktige satsingsområde.
Sentrale arbeidsoppgåver:
-
Leie biblioteket fagleg og administrativt i samråd med kommunalsjef kultur.
-
Ansvar for økonomi, budsjett, rapportering og måloppnåing.
-
Vidareutvikle biblioteket som kultur- og kunnskapsarena i tråd med kommunale planar og nasjonale føringar.
-
Følgje med på den samfunnsmessige og teknologiske utviklinga i sektoren.
-
Delta i den daglege verksemda og inngå i biblioteket si vaktordning.
-
Biblioteksjefen må rekne med noko kvelds- og helgearbeid.
-
Samarbeide med aktørar på kulturhuset og i det frivillige kulturlivet.
-
Høgare bibliotekfagleg eller kulturfagleg utdanning, eller anna høgare utdanning med breidde og relevante fag.
-
Ynskjeleg med leiarerfaring og erfaring frå bibliotek.
-
God kunnskap om litteratur.
-
Digital kompetanse og god systemforståing.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar:-
Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
-
Service- og brukarorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre.
-
Relasjonsbyggjar: du er positiv og kan samarbeide på tvers av nivå innad i organisasjonen, samt ut mot fagmiljø i Hallingdalskommunane.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr:-
Eit regionalt fagmiljø og samarbeidsforum.
-
Ein framtidsretta kulturkommune med lange tradisjonar.
-
Kreativt og godt arbeidsmiljø.
-
Kompetente og engasjerte medarbeidarar.
-
Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP.
-
Vitnemål legg du inn saman med søknaden.
-
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.