Ål kommune Gjestetunet Natt
Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, fordelt på 12,6 årsverk. Nattenesta er knytt til avdeling Gjestetunet. Nattenesta yter tenester til bebuarar på både, kort- og langtidsavdelinga, samt til heimebuande i Ål kommune.
Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.
Som distriktskommune med lang reiseveg til sjukehus blir det utført avansert faglege prosedyrar. Me har pasientgrupper med mange ulike og samansette diagnosar, ingen dag vil vere lik. Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Bu og levekostnadene er rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengar på å realisere draumane dine.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.