Energimontør Ålesund
Stilling
Energimontør
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere med på å sikre straumforsyninga i regionen og samtidig bli del av eit sterkt fagmiljø? Vi søkjer erfarne og engasjerte energimontørar som ønskjer ein variert arbeidskvardag med spennande oppdrag, gode utviklingsmoglegheiter og kollegaer som bryr seg om kvarandre.
Arbeidsområdet omfattar i hovudsak i og rundt Ålesundsområdet.
Arbeidsoppgåver
- Drift, vedlikehald og bygging av distribusjonsnett (høg- og lågspent)
- Feilsøking og utbetring ved straumbrot
- Vakt- og beredskapsteneste (frivillig)
- Arbeid i høgda og på spenningsførande anlegg
- Dokumentasjon og rapportering i digitale system
- Samarbeid med kundar, kollegaer og entreprenørar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som energimontør
- Erfaring frå arbeid på distribusjonsnett
- Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Sterkt HMS-fokus og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Kven er du?
Du er fagleg trygg, strukturert og løysingsorientert. Du tek ansvar for kvalitet og sikkerheit i arbeidet ditt, samarbeider godt med både kollegaer og kundar. Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og ønskjer å vere med på kontinuerleg forbetring.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samhald og sosiale aktivitetar gjennom året
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i regionen
- Moderne verktøy og utstyr
- Gode moglegheiter for kurs og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein fleksibel arbeidskvardag med lokal tilhøyrsle
Søknadsfrist: 01. november 2026
Vi vurderer søknader fortløpande og oppmodar deg til å søkje så tidleg som mogleg.
Bli med på laget og bidra til ei trygg og stabil straumforsyning for kundane våre!Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.