Ansatte
39
Etablert
2018
Hovedkontor
Kaupanger

VITENSENTERET I SOGN OG FJORDANE AS

ViteMeir -- Vitensenteret i Sogn og Fjordane as -- opna på Kaupanger i Sogndal kommune 11. november 2021. Senteret er eit besøks- og opplevingssenter for barnehagar og skular og fritidsgjestar. ViteMeir sin visjon er å inspirere til leikande læring. Den faglege profilen til vitensenteret er REINT -- Ressursar -- Energi -- Idémyldring -- Natur -- Teknologi. Dette er har me fokus på i både utstillingar, læringsopplegg og i den daglege drifta. ViteMeir er òg ein unik møte- og arrangementsarena for næringslivet. Kafeen SmakeMeir er ein viktig del av totaltilbodet frå ViteMeir og har eit stort fokus på reduksjon av matsvinn og bruk av lokale og økologiske råvarer. SmakeMeir lagar både lunsj- og møtemat, catering og selskapsarrangement i tillegg til vanleg kafédrift. ViteMeir har om lag 15 årsverk fordelt på om lag 30 tilsette. I SmakeMeir er det i dag om lag 3 årsverk og me er på jakt etter ein nytilsett som kan vere med på å styrke det engasjerte laget vårt!
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter