Vestnes kommune Eining for tildeling og koordinering
Eining for tildeling og koordinering arbeider etter ei målsetting om at alle innbyggarar i kommunen skal sikrast lik tilgang til naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester.
Eining for tildeling og koordinering ligg i det nye helsehuset Stella Maris. Helsehuset er eit heilt nytt bygg som vi tok i bruk april 2021. Her finn du både legesenter, heimeteneste, eining for tildeling og koordinering, bibliotek, frivilligsentral, kafe og institusjonsplassar. Omsorgsdelen er rusta for framtida, med godt utbygd og installert velferdsteknologi. Vidareføring og bruk av velferdsteknologi for heimebuande blir eit viktig arbeid i fortsettinga.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.