Ansatte
13
Etablert
2019
Hovedkontor
Tresfjord

TRESFJORD FRISKULE SA

Tresfjord EnSpire skule er ein privat barneskule med EnSpire-profil som ligg i Tresfjord i Vestnes kommune. Vi har kort veg til fjord, fjell og vakker natur. Skulen ligg rett ved den kommunale barnehagen og ungdomsskulen og med kort veg til bygdas daglegvarebutikk. Det er ca. 15 minutt til Vestnes sentrum. Vi har entreprenørskap som profil, som vil seie at vi skal gi elevane entreprenøriell basiskompetanse, som vil seie at elevane skal kunne evne å sjå moglegheiter og gjere noko med dei. Elevane vil hos oss få moglegheit til å nå kompetansemåla i læreplanen mellom anna via eigne interesser. Vi har eksempelvis eit eige fag som heiter EPT (Entreprenørskap på tvers), kor elevane kan jobbe med eigne prosjekt under rettleiing av dei tilsette. Vi jobbar også elles mykje tverrfagleg og prosjektbasert, og vi har læreplanfesta å bruke nysgjerrigpermetoden i undervisninga. Du kan lese meir om EnSpire-profilen vår her: https://tresfjordenspire.no/om/ Du kan lese meir om Nysgjerrigpermetoden her: https://www.nysgjerrigper.no/nysgjerrigpermetoden/ Vi er i dag 13 tilsette i ulike stillingsstorleikar og -typar, fordelt på skule og SFO. Skulen er godkjent for 70 elevar. Vi er relativt nyoppstarta og hadde første skuledag i august 2022. Då var det 26 elevar ved skulen. I dag er elevtalet 47 og når vi har gått gjennom søknadane for kommande skuleår, ser vi at vi ligg an til å bli 52 elevar ved skulestart etter sommarferien. Dette skuleåret har vi hatt elevane delt inn i fire elevgrupper: 1.-2., 3.-4., 5.-6. og 7. trinn. Vi prøver å få til dette også kommande skuleår.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter