Ansatte
23
Etablert
2019
Hovedkontor
Førde
THE NORWEGIAN SHIP DESIGN COMPANY AS
Norwegian Ship Design leverer førsteklasses skipsdesign, konsulent- og rådgjevingstenester til ei rekkje kundar i inn og utland. Vi har ein klar ambisjon om å vere den leiande og foretrukne skipsdesign- og engineering partner for framtidsretta og energieffektive lav- eller 0-utsleppsfartøy.
Våre tilsette har høg kompetanse innan alle relevante fagområde for bygging og ombygging av skip, og saman satsar vi systematisk på realisering av energieffektive 0-utsleppsfartøy.
Vårt kontor ligg i Førde sentrum, og vi er no 25 engasjerte og dedikerte tilsette frå heilt unge med friske tankar og pågangsmot til godt vaksne med årelang og solid erfaring.
Hos oss inneheld kvar dag utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver som blir løyste med kontinuerleg læring og kompetanseoverføring som basis.
Eit utviklande miljø kombinert med humor, samhald og stor takhøgd er mykje av essensen i at vi lukkast saman som eit lag, og bidreg til suksessen vi opplever med framtidsretta og utsleppsfrie skipsdesign.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.