Ansatte
48
Etablert
1979
Hovedkontor
Førde
TEATER VESTLAND AS
Teater Vestland er eit nynorskteater i stadig utvikling, der vi saman skapar sterke forteljingar, store opplevingar og pulserande teaterliv i Vestland fylke. Vi er ein møteplass, ein formidlar av forteljingar og ein viktig aktør for scenekunst på nynorsk. Teateret spelar om lag 200 framsyningar årleg for omlag 20.000 publikummarar og reiser på turné til om lag 40 scener i Vestland fylke. Vårt mål er å bringe teater av høg kunstnarleg kvalitet til folk der dei bur -- anten det er i store byar eller små bygder.
Teater Vestland er eit av Noregs eldste og mest tradisjonsrike teater, og eitt av tre nynorskteater i landet. Teateret har base i Nynorskhuset i Førde, i Sunnfjord kommune, med to teaterscener og eigne produserande verkstader. Det er 23 fast tilsette ved teateret, som er regionteater for Vestland fylke. Teater Vestland er eigd av Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune og har ei sentral rolle i å utvikle og formidle nynorsk scenekunst til eit breitt publikum.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda