Ansatte
14
Etablert
2001
Hovedkontor
Vigra
SVERRE ROALD AS
Det å byggje hus er ein omfattande prosess, der ein startar med grunnmuren, og legg stein på stein. På same måten har firmaet Sverre Roald AS vorte utvikla sidan slutten på 40-talet. Det som i dag er eit velrenommert bygg- og bustadvarefirma, starta som ein liten snikkarverkstad på Vigra. Sverre Roald flytta til Gjøsund i 1957, og dreiv då med møbel-utsalg, snikkerverkstad og trelastlager.
Hus starta vi med i 1973. To år seinare vart RoaldHus ein realitet, eit hussystem utvikla og produsert av Sverre Roald AS. Etter jamn og god vekst i mange år, vart det ei stor utviding i 1979, og dagens lokalitetar tok form.
I 2002 la vi til sides det eigenutvikla hussystemet RoaldHus og meldte oss inn i HellvikHus-kjeda. Sverre Roald AS vart aksjonær i Nordek AS og medlem i trelast og byggevarekjeda BK Byggkjøp i 2003. Endra namn til XL-BYGG i 2009 og er i dag ein del av Mestergruppen.
Firmaet er idag delt i to driftsselskap og presenterer seg under profilane, XL-BYGG Roald, Sverre Roald AS, og HellvikHus, RoaldHus AS.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.