Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste
Indre Nordmøre barneverntjeneste vart etablert 01.01.2020. Surnadal er vertskommune for samarbeidet beståande av kommunane Rindal, Tingvoll, Sunndal og Surnadal. Tenesta har 22,8 årsverk. Tenesta er organisert med kontor både i Sunndal og Surnadal.
Indre Nordmøre barneverntjeneste er frå mai 2022 inndelt i tre team. Vi har to team - Surnadal/Rindal og Sunndal/Tingvoll, med kvar sin teamleiar som har ansvaret for undersøking og oppfølging av barn som bor heime. Samt eit team på tvers av kontora som arbeider med barn som bor utanfor heimen eller er på ettervern. Tenesta har også to heimekonsulentar som jobbar direkte med familiar som treng veiledning for å styrke foreldrefunksjonen.
Hovudoppgåva til eininga er å sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barneverntenesta skal på same måte som andre kommunale tenester bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
Frå 01.01.22 fekk kommunane økt ansvar på barnevernområdet. Barnevernreforma eller oppvekstreforma som den også kallast, har som mål å styrke kommunenes førebyggande arbeid og tidleg innsats.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.