Ansatte
67
Etablert
1992
Hovedkontor
Salhus
STIFTINGA MUSEUMSSENTERET I HORDALAND
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland. Du finn oss i: Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland Osterøy: Osterøy museum og Havrå Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenterMUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til å vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift. Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar. Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda