Ansatte
100
Etablert
2009
Hovedkontor
Sandane
STIFTINGA MUSEA I SOGN OG FJORDANE
I den vakre bygda Balestrand ligg eit av svært få museum på verdsbasis som tematiserer utviklinga av moderne turisme: Norsk Reiselivsmuseum. Museet presenterer norsk reiselivshistorie, der Balestrand har spelt ei viktig rolle.Museet byr på spennande arkitektur frå ulike epokar. Eit særeige og moderne museumsbygg står ved sida av eitt av bygda sine historiske drakestilshus. Saman huser desse bygga fem fascinerande utstillingar. Dei synlege og ekte fjellveggane inne i bygget dannar unike utstillingsrom som samla skildrar reiselivet si kulturhistorie i Noreg.Norsk reiselivsmuseum tilbyr også filmframvising i auditoriet, eit rikt bibliotek og omvising i utstillingane våre. Gjester kan òg nyte ein forfriskande pause i Vindreken Café Les meir på Reiselivsmuseet sin nettstad.Norsk Reiselivsmuseum er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, saman med fleire andre museum som De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Astruptunet, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Kvernsteinsparken og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.Stiftinga har om lag 50 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane her: www.misf.no.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda