Ansatte
6
Etablert
2005
Hovedkontor
Steinkjer

STIFTINGA HILMAR ALEXANDERSEN

Gjennom ca. 70 - 90 arrangement kvart år i veke 45 får omtrent 15 000 publikummarar oppleve folkemusikk og beslekta musikkformer -- samt møte dans, litteratur, forteljing, kunst og mat. Dette blir gjort muleg av ein stab på seks og over 100 frivillige. Vi er ein av dei store kulturarvs- og folkemusikkfestivalane i landet, og har også arrangement året gjennom. Det er den allmennyttige Stiftinga Hilmar Alexandersen som står bak og eig festivalen. Stiftinga har 17 grunnfondsinnskytarar basert lokalt, regionalt og nasjonalt. Stiftinga har som formål å arbeide for immateriell kulturarv og kultur og næring, samt arrangere festivalen. Vi har også andre arrangement under merket Hilmar året rundt. Stiftinga er også Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF), vi driv HilmArt, Fortellernettverket TALE, fleire internasjonale prosjekt og er eigar av Hilmar AS. Vi skal vere med og utvikle Steinkjer og regionen, og har ambisjonar om å visast betre som nasjonal aktør.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter