Ansatte
33
Etablert
1947
Hovedkontor
Vik I Sogn

SOGNEKRAFT PRODUKSJON AS

Sognekraft Produksjon produserer fornybar energi og driftar 20 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna bygging av Feios kraftverk, som vert klar til drift i haust. Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy består av 15 gode kollegaer som har ein arbeidskultur der vi legg vekt på godt samarbeid, Med 20 kraftverk fordelt i Sogn og Fjordane må du vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet. Vi har stor medverknad på eigen arbeidskvardag og blir svært motivert av å løyse oppgåvene våre som sikrar optimal kraftproduksjon på ein god og trygg måte. I Sognekraft-konsernet er me over 160 energiske medarbeidarar – og me vil bli fleire! Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Vik, eller ved våre andre lokasjonar i Lærdal, Aurland, Balestrand og Sogndal. Me har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Mangfald styrkar oss, og me ynskjer alle kvalifiserte søkarar uansett bakgrunn og erfaring velkommen. På fritida likar me å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Me kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord. Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Me skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der me tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Me skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter