Etablert
1977
Hovedkontor
Årdalstangen

SOGN SPAREBANK EIGEDOM AS

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt. Sogn Sparebank er aksjonær i Eika Gruppen AS. Eika Alliansen består av rundt 50 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, og har ein samla forvaltningskapital på om lag 450 milliardar kroner og 2 500 tilsette. Dette gjer Eika Alliansen til ein av dei største og viktigaste aktørane i den norske bankmarknaden. Med moderne digitale kundeløysingar og 170 bankkontor i 114 kommunar er lokalbankane til stades med avgjerande bidrag til vekst, utvikling og verdiskaping i sine lokalsamfunn. Sogn Sparebank har eit stort mangfald av produkt innan forsikring, kreditt, sparing og økonomisk rådgjeving som blir gjeve tilbod om så vel private kundar som til bedrifter. Sparebanken og Eika arbeider heile tida med å utvikle produkta våre og tilpassar tenestene våre etter kundane sine behov.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter