Sogn og Fjordane friomsorgskontor

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar, på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «straff som endrar», og verdiane våre er tryggleik, openheit og nytenking, noko som er førande for åtferda og organisasjonen vår. Les meir om verksemdsstrategien vår her.  Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS), og fem regionar med omtrent 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagt under Kriminalomsorgsdirektoratet, med overordna ansvar for straffegjennomføring i Sogn og Fjordane, Hordaland, og Møre og Romsdal. Region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og eit senter for narkotikaprogram. Regionsadministrasjonen ligg i Bergen.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter