Ansatte
32
Etablert
2019
Hovedkontor
Bremnes
SMART AUTOMATION AS
SMART Automation leverer avanserte automasjonsløysingar for styring og overvaking av heile fartøyet. Her fokuserer me på å finna den rette løysinga for kvar enkelt kunde, anten det er nybygg eller ombygging av eldre fartøy.
Våre ordrebøker får stadig påfyll og me skal levera svært mange, store prosjekt dei neste åra. Difor vil me gjerne ønskja velkommen nye, dyktige medarbeidarar til teamet vårt. Me skal skapa dei beste løysingane og leveransane til kundane våre!
Me utviklar alt frå programvare til maskinvare, med optimal integrering som gir kundane våre dei løysingane som fungerer best, med det utstyret dei ynskjer for sine fartøysprosjekt.
Du vil få god mottaking om du ynskjer å jobba her hos oss, med ivrige kollegaer som vil deg vel. Me hjelper medan du lærer våre system og produkt å kjenna. Du kan gleda deg til ein interessant og givande kvardag med nye utfordringar og fokus på miljøvennlege løysingar kundane treng!
Me har det kjekt på jobb! Med ei fin blanding av erfarne, dyktige folk som har vore her i mange år, har vore med og utvikla produkta våre og kjenner dei inn og ut, og unge, dyktige som kjem inn med stor entusiasme og pågangsmot! Her ligg det kontinuitet som skaper tryggheit for dei nye og inspirasjon for dei som har vore ei stund.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda