Ansatte
112
Etablert
2002
Hovedkontor
Sandane
SFE PRODUKSJON AS
I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre - og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen - det er samfunnsoppgåva vår! Våre over 100 engasjerte medarbeidarar jobbar innan ulike fagmiljø som elektro-, bygg- og maskinfag, IKT, energi, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir.
"Vi skaper den fornybare framtida" er SFE sin visjon, og denne er felles for konsernet og selskapa i konsernet. Denne fortel mykje om vår verksemd, vår rolle i samfunnet og vår verdiskaping for fellesskapet. SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrien, med omfattande produksjon av fornybar energi.
Det er eit godt og raust arbeidsmiljø i SFE-konsernet. Tilsette skal kome heim like heil kvar dag - både inni og utanpå. Vi har stor merksemd på det psykososiale arbeidsmiljøet, og tilsette har eit sterkt engasjement og eigarskap til verksemda.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.