Ansatte
8
Etablert
2020
Hovedkontor
Runde

OPPLEV RUNDE AS

Opplev Runde driv besøkssenteret på Runde Miljøsenter. Vår hovudoppgåve er å gi besøkande ei lærerik og minnerik oppleving av den spektakulære naturen på Runde. Vi tilbyr guida turar, aktivitetsbasert naturformidling og overnatting i moderne leilegheiter med utsikt mot havet. Eit viktig aspekt ved verksemda vår er samarbeidet med forskingsmiljøet på Runde. Runde Forsking, som held til ved Runde Miljøsenter, arbeider med forsking på havet, klima, fugleliv og berekraftig forvaltning av marine ressursar. Gjennom dette samarbeidet får vi tilgang til oppdatert forskingsbasert kunnskap, noko som gjer at formidlinga vår alltid er fagleg forankra. Vi jobbar tett saman for å kople forsking med oppleving, slik at både turistar, skuleklassar og andre besøkjande kan lære om natur og miljø gjennom praktiske og engasjerande aktivitetar. Dette gjer Opplev Runde til ein unik arena der folk kan utforske, forstå og setje pris på den verdifulle kystnaturen på Runde.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter