Etablert
1997
NORWAY'S BEST GROUP AS
Norway’s best Group AS utviklar reisemål i verdsklasse
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet er i Flåm, Myrkdalen og Narvik.
Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og Nærøyfjorden i UNESCO verdsarvområde har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg.
I pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet, med skiheisar. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og sel våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.