Ansatte
21
Etablert
2006
Hovedkontor
Oslo
NORLANDIA MYKLEBUST BARNEHAGE AS
Vi er ein 2-avdelings barnehage som ligg sentralt til på Myklebust. Vi har gåavstand til kulturhus med idrettsanlegg, bibliotek og Sunmørsbadet, barnehagar, skular og sjukeheimen som vi har eit nært samarbeid med gjennom Livsglede for eldre. Vi er mykje ute i naturen og har mange varierte turmål i nærmiljøet. Har vi lyst på ein lengre tur brukar vi dei kjekke el-syklane der vi har plass til fleire barn. Vi er opptekne av å bidra til å skape robuste barn, som kan verte utfordra og strekkje seg mot nye mål.
Vår pedagogiske visjon er <<Med livslang lyst til leik og læring>>.
Vi har valt satsingsområde som vi veit har stor betydning for barns trivsel og utvikling. Berekraft er grunnpilaren og omfattar sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. For å understøtte vårt fokus ønskjer vi å skape aktivitetsglede gjennom Jump, måltidsglede og eit balansert kosthald gjennom Mat med Smak, og jobbe målretta med å skape eit miljøvennleg samfunn gjennom Go Green/ Grønt Flagg.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda