Måseide barnehage, Sula kommune
Måseide barnehage er ein 4-avdelings barnehage, som ligg lunt og skjerma til på same tomt som tidlegare Måseide skule i Mauseidvåg. I tillegg til barnehagen sitt uteområde har vi gapahuk og grue på uteområdet, i tillegg til gode turmoglegheiter i nærmiljøet - tilpassa ulike behov. Uteområdet vårt er oppgradert med mange nye leikeapparat.
Vi har to småbarns- og to storbarnsavdelingar. Vi har eit godt og tett samarbeid mellom alle avdelingane.
Barnehagen sin visjon, verdiar, pedagogiske målsettingar og satsingsområde ser vi på som vår misjon - vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til.
Vårt pedagogiske grunnsyn tek utgangspunkt i ein autoritativ vaksenstil, som blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.
Vår visjon: Tryggheit - meistring - og gode opplevingar.
Vårt pedagogisk grunnsyn bygger på tanken om ein autoritativ vaksenstil: Vi vaksne skal bygge varme relasjonar til barna samtidig som vi set grenser på venlege, trygge og forklarande måtar, gjennom respekt, kjærlege hender, eit klokt hode og eit varmt hjarte.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda