Kriminalomsorga si høgskole og utdanningssenter KRUS

Om kriminalomsorgen Kriminalomsorga si høgskule og utdanningssenter KRUS er den einaste høgskulen som utdannar fengselsbetjentar i Noreg. Vi tilbyr studium innanfor straffegjennomføring, driv forskings- og utviklingsarbeid og er eit kompetansesenter for kriminalomsorga. Ei av våre hovudoppgåver er å bidra til kvalitet i kriminalomsorga gjennom utvikling og formidling av kompetanse innanfor straffegjennomføring.Høgskulen har ei leiande stilling i Skandinavia innan forsking på kriminalomsorg og straffegjennomføring. Fagfeltet er tverrfagleg og består mellom anna av kriminologi, sosiologi, filosofi, juss, psykologi, psykisk helsearbeid, sosialt arbeid og tryggleiksfag. KRUS går ei spennande framtid i møte og ser etter fleire motiverte kollegaer! Frå januar 2026 vert det etablert ei ny deltidsutdanning, noko som medfører behov for fleire tilsette i perioden 2025-2027. For å bli betre kjent med KRUS, våre tilsette og jobbmoglegheiter ved høgskulen, klikk her. Kriminalomsorga består av fem regionar med om lag 60 lokale fengsel og friomsorgskontor, i tillegg til Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS. Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er trygg for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit liv utan kriminalitet. Vår visjon er «Straff som endrar», og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking - som er styrande for åtferda vår og for organisasjonen.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter