Ansatte
17
Etablert
2002
Hovedkontor
Bergen

INTERKOMMUNALT ARKIV I HORDALAND IKS

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS er ein bevaringsinstitusjon og ei rådgjevingsteneste for 24 kommunar i Vestland. Vi er 17 tilsette og held til sentralt i Bergen.Hjå Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS arbeider vi tett saman med eigarkommunane for å utvikle ei dokumentasjonsforvaltning tilpassa ei digital tid og eit fagfelt i rask utvikling. Vi går på jobb for demokratiet, rettstryggleiken og kulturarven vår. Kvar dag arbeider vi med å bevare og gjere eigarkommunane sine arkiv tilgjengelege – og slik opnar vi dørene til historiene frå 1837 og fram til i dag. Vi er opptekne av å finne gode og framtidsretta løysingar som sikrar viktig samfunnsdokumentasjon – både for innbyggjarane i dag og for komande generasjonar.Vi deltek aktivt i nasjonalt utviklingsarbeid, brukar fellesløysingar og samarbeider med Nasjonalarkivet og andre fagmiljø for å utvikle framtidas arkivforvaltning. Verdiane våre er raus og ryddig. Vi er rause kollegaer og ryddige fagfolk. Som arbeidsgjevar er vi òg opptekne av å vere ryddige og rause. Det betyr at vi har rammer og forventingar, samstundes som vi møter medarbeidarane våre med fleksibilitet, tillit og omtanke når det trengst.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter