Ansatte
45
Etablert
1988
Hovedkontor
Dale I Sunnfjord
HYWER AS
Hywer er ein leiande leverandør av utstyr, tenester og totalentreprisar innan vasskraft. Vi betener den norske marknaden og har ambisjonar om internasjonal vekst.
Vi har erfaring frå bygging av nær 90 kraftverk og over 600 andre vasskraftprosjekt. Kompetansen vår spenner over heile verdikjeda -- frå design, prosjektering og produktutvikling til produksjon, logistikk, utbygging og idriftsetjing. Dette gjer oss i stand til å tilby kostnadseffektive og gode løysingar for kundane våre.
Hywer er eit sjølvstendig heileigd dotterselskap i SaintGobainkonsernet, som har verksemd i 76 land og over 166 000 tilsette. I Noreg er vi i konsern med Optimera, Brødrene Dahl, Flisekompaniet og Ventistål. Hywer har i dag 45 tilsette og ei omsetning på 500 millionar kroner.
Hovudkontoret vårt ligg i Dale i Sunnfjord, med om lag 30 tilsette. Vi har òg kontor i Oslo, samt tilsette i andre delar av landet.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.