Ansatte
17
Etablert
2003
Hovedkontor
Lonevåg
HOSANGER MONTESSORISKULE STI
Hosanger Montessoriskule er ein privat grunnskule som arbeidar etter prinsippa i montessoripedagogikken. Me legg stor vekt på eit trygt og inkluderande læringsmiljø, der barna får utvikle seg i sitt eige tempo med støtte frå trygge og kompetente vaksne.
Montessoripedagogikken gjev rom for utforsking, konsentrasjon og meistring, og me arbeidar heilskapleg med både fagleg og sosial utvikling. Hos oss står barnet i sentrum, og me trur på at barn lærer best når dei blir møtt med respekt, tillit og ansvar.
Skulen er liten og oversiktleg, med nært samarbeid mellom dei vaksne og gode relasjonar på tvers av alder og grupper. Dette gjev rom for nært samarbeid og felles ansvar for elevane si utvikling - både fagleg, sosialt og emosjonelt.
Innsendt søknad vil verte vurdert fortløpande
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda