Ansatte
98
Etablert
2025

HORDALAND TINGRETT

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet. Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare. Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Hordaland tingrett har 39 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 86 årsverk. Hordaland tingrett er lokalisert i Bergen. Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg tre avdelingsleiarar, ein direktør, 32 dommarar, 8 dommarfullmektigar og 45 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og Øygarden. Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane. Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter