Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
Me er ein triveleg gjeng på 28 faste tilsette, med base på Rauland Omsorgssenter. Her driv me heimesjukepleie i private heimar, heimehjelpsteneste, omsorgsssenter og dagsenter. Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Som tilsett i heimesjukepleia vil hovudoppgåva vera å samarbeide om å levere kvalitativt gode og føreseielege helse – og omsorgstenester til heimebuande, slik at dei kan bu lengst mogeleg heime.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.