Haugaland og Sunnhordland tingrett
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.Haugaland og Sunnhordland tingrett rett er lokalisert i Haugesund med rettsstader i Haugesund og på Stord, Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg ein nestleiar, ein administrasjonssjef, 8 dommarar, 3 dommarfullmektigar, og 16 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.