Hardanger og Voss tingrett
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 tilsette. Som samfunnets viktigaste konfliktløysar er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri samfunnets krav og forventningar. Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort saka si, setje strek og kome seg vidare. Med rolla følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av myndigheiter eller press frå andre hald. Hardanger og Voss tingrett er lokalisert på Lofthus. I tillegg har tingretten eksterne rettssalar i Odda og Norheimsund, og ein rettssal under etablering på Voss. Domstolen er leia av ein domstolleiar, og har i tillegg éin dommar og to saksbehandlarar. Domstolen omfattar kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss. Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handsama i samsvar med lov om handsaming av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du òg generell informasjon om domstolane.Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd, for moglegheit til å bli unntatt frå denne.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda