Etablert
2004
Hovedkontor
Sogndal
EINARSEN EIGEDOM GRANDEN AS
Einarsen Eigedom er eit familieeigd eigedomsselskap med røter tilbake til 1989. Sidan den gong har me utvikla oss frå ein liten landhandel i hjartet av Sogndalsfjøra til å bli ein sentral aktør innan eigedomsforvaltning og utvikling. I dag vert selskapet leia av andre generasjon i familien, som byggjer vidare på solide verdiar og visjonen om å vere ein påliteleg og framtidsretta samarbeidspartnar.
Me forvaltar og utviklar ein variert portefølje på om lag 30.000 kvadratmeter innan lager, handel, kontor, energistasjonar, bustader og parkeringsplassar. I tillegg driftar og forvaltar me eigedom for eksterne eigarar, noko som styrkar posisjonen vår som ein viktig aktør i regionen.
Gjennom målretta utviklingsarbeid og strategiske investeringar skal me dei næraste åra utvikle ca 10.000 kvadratmeter ny næringseigedom og om lag 300 leilegheiter i Sogn. Samstundes har me ein tydeleg strategi om å kjøpe og investere i nye næringseigedomar som kan styrke porteføljen vår ytterlegare.
Me er opptekne av å skape attraktive og funksjonelle eigedomar som fremjar verdiskaping, aktivitet og trivsel -- både for næringslivet og lokalsamfunnet. Vårt overordna mål er å vidareutvikle og byggje ein større eigedomsportefølje med hovudfokus på Vestland, der me kan bidra til berekraftig vekst og utvikling for framtida.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.