Ansatte
28
Etablert
1997
Hovedkontor
Dimmelsvik

DIMMELSVIK BIL AS

Dimmelsvik Bil er eit bilsenter med tre hovudavdelingar. Det er bilverkstad, bilsal og bensinstasjon. Vi er 26 tilsette fordelt på fulltids- og deltidstilsette. Vi er ein Toyota-forhandlar, men reparerer alle bilmerke. Difor er vi også ein frittståande Mekonomomen-verkstad. Omsetninga er på ca 60 millionar kroner årleg.   Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Lindås, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 240 tilsette og ei årleg omsetning på 1,5 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter