Ansatte
23
Etablert
1964
Hovedkontor
Oslo

DAG OG TID AS

DAG OG TID er ei fri og ubunden vekeavis for kultur og politikk -- 
og den einaste riksavisa på nynorsk. I avisa kan du lesa reportasjar, kommentarar, intervju om kultur- og samfunnsspørsmål -- og meldingar av bøker, musikk, film og teater. På berre fem år har vi fått nesten 25 prosent fleire abonnentar . Opplaget er 15 093 i dag. Avisa har kome ut sidan 1962. Over DAG OG TID-logoen den gongen var det tre små globusar. Det synte til vidsynet. DAG OG TID skulle vera ei avis med ambisjonar og ikkje innettervend. Denne redaksjonelle lina står avisa trygt på i dag òg. Endringane i medielandskapet gjer og at DAG OG TID blir viktigare. Det meste av makta i Avis-Noreg har no blitt samla i store konsern der felles eigarskap og stoffdeling gjer storavisene stadig meir like kvarandre. DAG OG TID har ingen kommersielle eigarar og betalar ikkje utbyte til aksjonærane. DAG OG TID fekk Fritt Ord-prisen 2017 for «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg på alvor». Avisa får fast pressestøtte frå Medietilsynet og prosjektstøtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Stiftinga Vener av DAG OG TID.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter