Ansatte
5
Etablert
1978
Hovedkontor
Bygland
AS SETESDØLEN
Setesdølen er ei partipolitisk uavhengig lokalavis for Setesdal som har kontor i Bygland. Avisa kjem ut på papir to dagar i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Setesdølen dekkjer dei fem kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, Bykle og Åseral. Avisa har eit opplag på omlag 3700.
Polaris Media vil frå og med januar ta over som eigarar av lokalavisa. Setesdølen vil bli ein del av Polaris Media Sør, ein medieregion som dekkjer Agder og Telemark og består av dei regionale mediehusa Fædrelandsvennen, Agderposten og Varden, samt lokalavisene Lister, Lindesnes, Grimstad Adressetidende, Lillesands-posten og Vennesla Tidende. Noverande redaktør i Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd, går snart av med pensjon etter 49 år i stillinga, og mediehuset treng derfor ein ny leiar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.