Ål kommune Helse- og omsorgssektoren

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Dei fleste av helse-og omsorgstenestene er lokalisert ved Ål helsesenter, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester. Me har moderne lokalar og god tilgang på teknisk utstyr. Ål helsesenter er samlingspunkt for små samankomstar og større arrangement. Me har eigen kafeteria som tilbyr kaffi, lunsj og middag. Kårstugu og Nigardstugu har ei rekkje aktivitetar som både bebuarar og heimebuande nyttar seg av. Dagsenter for eldre og dagsenter for kognitiv svikt er også lokalisert ved Ål helsesenter. Det blir lagt til rette for å vidareutvikle sin kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Helse- og omsorgssektoren driv spanande prosjekter og utviklingsarbeid, som sett dagsaktuelle tema i fokus. Me er også vertskommune for Hallinghelse, som er eit unikt fag- og utviklingsfellesskap for kommunane i Hallingdal. Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Les meir på våre heimeside. Ål er ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.
Stories
Ledige stillinger
0
Kontaktpersoner
Kontorer
Relaterte bedrifter